Velkommen til Kvinnherad Bygg sine internettsider!Kvinnherad bygg er eit aksjeselskap som vart etablert tredje juli 2003.
Vi held til på Seimsfoss, som ligg fire kilometer sør for Rosendal, ytterst i Hardanger.
Bedrifta er heile tida under utvikling og per i dag har vi ni heiltidsansette og tre ekstrahjelper.
Kvinnherad bygg er totalleverandør innan trelast, byggevarer, maling og interiør og har faste avtalar med fleire større bedrifter.
I tillegg har vi og salg av forskjellige typar verktøy, utstyr for stell av hus & hage og liknande.
Vi har og fleire tomtar, og ferdig prosjekterte tomanns boligar.
Hovudmarkedet er Kvinnherad, men vi leverer og hus, hytter og prosjekt i andre delar av landet.
Målet er å ha ei stabil bedrift som både ansatte og kundar kan stole på
Kvalitet, service og pris står på dagsorden.Du er velkommen innom for ein hyggeleg prat!